På forbruksstedet transformerast spenninga ned til ei høveleg spenning for ulike elektriske forbruksgjenstandar. I dei første kraftstasjonane vart transformatoren plassert i maskinsalen eller i eit eige rom eller ein eigen celle tett ved. I moderne fjellanlegg er transformatorane gjerne plasserte i ein eigen transformatorhall.
Eirik Øgaard,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Artiklane om elektroteknikk er i stor grad basert direkte på:
Jenssen, Thorleif (2006): "Elektroteknikk", i Kulturminner i norsk kraftproduksjon – en evaluering av bevaringsverdige kraftverk (KINK), s. 92-111. Oslo: Norges vassdrags- og energidirektorat. (NVE-rapport 2/2006)
Apparat- og koplingsanlegget knyter saman generatoren, transformatoren og overføringsleidningane på ein formålstenleg og sikker måte.
Transformatoren endrar generatorspenninga til ei spenning skikka for overføring, som regel høgare spenning enn generatorspenninga.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum