Storleiken på eit kraftverk blir vanlegvis oppgitt som ytinga, eller den installerte effekten, i megawatt (MW).
Dei første kraftverka var svært små samanlikna med det som er vanleg i dag. Mange av desse hadde ein installasjon på berre nokre få kilowatt (1 MW = 1000 kW), og svært få var på meir enn nokre hundre kW. I dag er det fleire enn 600 norske vasskraftverk som har ein effekt på meir enn 1 MW. Dei største yter meir enn 1000 MW. Dei minste er delt inn i kategoriane småkraftverk (1–10 MW), minikraftverk (0,1–1,0 MW) og mikrokraftverk (under 0,1 MW).
Ei vanleg typeinndeling er elvekraftverk og magasinkraftverk, ei anna er lågtrykks- og høgtrykksanlegg.
Elvekraftverk
har ikkje reguleringsmagasin, men vanlegvis eit lite inntaksmagasin som sørgjer for stabile forhold der ein slepp vatnet inn i kanalar eller røyr til kraftverket. Slike inntaksmagasin vert også laga slik at fallhøgda blir så stor som mogleg. I eit elvekraftverk vil vassmengda ein kan bruke i turbinane – og dermed kraftproduksjonen – variere med vassføringa i elva. På engelsk kallast denne typen kraftverk "run-of-river". Solbergfoss, Nedre Fiskumfoss og Skogfoss er typiske elvekraftverk.
Magasinkraftverk
har magasin for lagring av vatn, slik at ein kan regulera vassmengda til turbinane etter det ein treng til kraftproduksjon, uavhengig av vassføringa i vassdraget til kvar tid. Dette er svært nyttig, sidan elektrisk energi ikkje kan lagrast i store mengder, men må produserast i det nokon brukar energien. Hammeren, Tysso I, Glomfjord og Svartisen, Aura, og Tonstad er magasinkraftverk frå forskjellige epokar.
Elvekraftverk er oftast lågtrykksanlegg, medan magasinkraftverk som regel er høgtrykksanlegg med stor fallhøgd. Men det finst unntak frå dette. Vemork og Alta er døme på kraftverk som har stor fallhøgd og dermed høgt vasstrykk, men ikkje reguleringsmagasin.
I tillegg til desse kan vi møte på nemningar som; pumpekraftverk, effektkraftverk og ulike typer kraftverk med spesialfunksjonar utan at vi går nærare inn på det her.
Eirik Øgaard,
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum