Kva er eigentleg elektrisitet?
For å forklare desse omgrepa kan vi nytte eit eksempel henta frå vasskraftproduksjon. Vi kan samanlikne elektrisk straum med eit fossefall som driv eit skovlhjul. Rotasjonfarten til hjulet blir eit mål for effekten eller styrken. Vi kan påverke farten på skovlhjulet på to måtar – anten ved å gjere fallet høgare eller ved å auke vassmengda. I begge tilfelle roterer hjulet fortare. Det same skjer i ein elektrisk straumkrins. Det er berre storleikane spenning og straum som påverkar effekten i elektriske koplingar. Effekten kan aukast ved å auke spenninga eller ved å auke straumen. Effekten er med andre ord produktet av straum og spenning, og målast i watt (W).
For å oppretthalde ein straum i ein elektrisk leiar må ein ha ein elektrisk spenningskjelde, for eksempel eit batteri eller ein generator. Eininga for elektrisk spenning er volt (V).
Når elektron beveger seg i same retning i ein leiar, får vi elektrisk straum. Elektrisk straum måler vi i ampere (A). Det er eit mål for den straumstyrken eller elektrisitetsmengda som passerer gjennom leiaren per sekund.
www.vasskrafta.no er etablert som eit samarbeid mellom Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum