Elektromagnetisme (Elektrodynamikk) er den delen av fysikken som skildrer alle elektriske og magnetiske fenomen i ein og same teori. Teorien er svært omfattende og skildrar elektrisk ladning, elektrisk straum, elektriske og magnetiske krefter, lys og anna elektromagnetisk stråling.
Symmetri er sentralt i all naturvitenskap og særleg i fysikken. Maxwell sine likningar uttrykker symmetrien i elektromagnetismen. Når ein magnet flyttar seg forbi ei leidning, oppstår eit elekrisk felt i leidningen som driv ein elektrisk straum i ein slutta krets. Straumen oppstår anten det er magneten som rører seg og leidningen er i ro eller omvendt. Poenget er at det er sjølve rørsla som skapar straumen.
Enkelt kan vi forklare fenomenet slik det oppstår i ein generator på denne måten: Kvar gong ein magnet forlet ein spole/leidar, snur polariteten frå positiv til negativ og omvendt når den når neste spole. Slik oppstår vekslestraum - veksling mellom positivt og negativt lada ionar. Eit anna uttrykk for det same er induksjon eller indusert straum.